We can't find the internet
Attempting to reconnect
Something went wrong!
Hang in there while we get back on track
Characterisation and Studies of Microplastics in Marine Environments – Gradient from Bermuda to the Arctic and Laboratory Based Weathering.
Summary
This Norwegian thesis characterized microplastic particles sampled across the North Atlantic from Bermuda to the Arctic using ATR FT-IR and pyrolysis GC-MS, and conducted laboratory weathering experiments on polyethylene. The work also investigated metal adsorption onto weathered microplastics, contributing to understanding the environmental fate and chemical interactions of ocean microplastics.
Sikte med denne oppgåva var å bidra med kunnskap om mikroplast, eit nytt veksande felt. For å oppnå dette var eit tredelt føremål forma: (1) å karakterisere verkelege mikroplast partiklar frå sjøoverflata som vart sampla på ‘the Arctic Expedition’, (2) skapa ein akselert forvitringsstudie for polyetylene og (3) undersøka mogelig adsorpsjon av metall til mikroplast partiklar. 387 partiklar frå 11 ulike stadar i Nord-Atlanteren vart analysert ved bruk av metoden ATR FT-IR og vart verifisert ved å analysera 50 av partiklane ved pyr-GC/MS. Eit gjennomsnitt på 0,0252 partiklar per m^3 vart funnen. Fleirtalet av prøvene var av typane fiber (44%) og 2D/filmar (37%). Kvit (35 %), blå (19 %) og gjennomsiktig (16 %) var dei vanlegaste fargane. 362 av dei 387 partiklane vart identifiserte som syntetiske polymerar. Størstepart av plasten som blei påvist var av typane PE (57%) og PP (29%). Ein akselerert forvitringsstudie vart utført ved LLDPE i både partikkel- og filmform, med og utan 100 ppm av anti-oksidant vitamin E tilsetning, i tillegg til ein kommersiell brødpose (LDPE) frå Meny. To partikkelstorleikar vart brukte (200-425 μm og 425-600 μm), og den totale tida i UV-kammeret vart 1600 timar. Dei forvitra prøvene vart analyserte ved GPC og ATR FT-IR. Det vart funne at anti-oksidant eigenskapane til vitamin E reduserte graden av kjede-brot i polymeren samanlikna med LLDPE utan. Dette gjeld både for filmar og partiklar. Det vart også funne at ein mindre partikkelstorleik aukar farten på kjede-brot. Den kommersielle LDPE-brødposen frå Meny ser ut til å innehalda noko additiv, då kjeda til polymeren brot langsamare enn for LLDPE-filmane. Ved bruk av LLDPE-pulverpartikler som vart forvitra i 1200 timar vart det gjort ei gransking av adsorpsjonen til seks metall (Cd, Cr, Cu, Hg, Pb, Zn) i simulert sjøvatn. ICP-MS vart brukt til å analysera løysingane og prinsipal komponent analyse (PCA) vart utført på resultata. Resultata viste at partiklane hadde noko adsorpsjon av Hg (Kpw = 0.36) og at partiklane frigjorde Zn til vatnet (K pw = -0,20). For dei resterande 4 metalla vart ingen interaksjon funne, og det var ingen indikasjon på at storleiken til partiklane påverka adsorpsjon.